Havsalt sommar:

Luftig utfordring

For dei som ønskjer seg ei luftig utfordring er Via Ferrata til Hoven i Loen ei oppleving ein seint vil gløyme. Foto: Mattias Fredriksson/ Fjord Norway 

Kultur

Her får du tips om kva du kan gjere som turist i vår eigen region.

For dei som ønskjer seg ei luftig utfordring er Via Ferrata til Hoven i Loen ei oppleving ein seint vil gløyme. Her klatrar ein høgt over fjorden, omgitt av vakre fjell og Jostedalsbreen Nasjonalpark. Den har også den lengste Via Ferrata-brua i Europa, Gjølmunnebrua – ei hengebru ein kan våge seg over om ein tør. Hengebrua opna i 2013, er 120 meter lang og ligg på 750 meter over havet.

Her kan du lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region, i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.