Havsalt sommar:

Spesielle former i fjæra

Kannesteinen si spesielle form har gjort den til ein attraksjon som mange vil ta bilde av. Akrivfoto: Erling Wåge 

Kultur

Her får du tips om kva du kan gjere som turist i vår eigen region.

Kannesteinen si spesielle form har gjort den til ein attraksjon som mange vil ta bilde av. Kannesteinen har pryda alt frå frimerke og konjakketikettar til mange reklamefilmar – og til og med ein indisk storfilm. Den spesielle steinen finn ein blant rullesteinane i fjæra i Oppedalen på vestsida av Vågsøya. For å best nyte utsikta med steinen, bølgjene og havet er det laga til rasteplass, gangveg og utsiktsplattform rett i nærleiken av steinen.

Her kan du lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region, i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.