Havsalt sommar:

Kunst, kafe og overnatting

  Foto: Arkivfoto: Janne Weltzien Listhaug

Kultur

Her får du tips om kva du kan gjere som turist i vår eigen region.

Doktorgarden ligg rett ved sentrum i Selje og byr på både mat, overnatting og kunst. Kafeen held ope frå onsdagar til søndagar, og her blir det servert eit utval av kaker og lunsjrettar. Til maten kan ein nyte utstillinga til Kristian Finnborud, og Doktorgarden har også utsal av bøker frå Selja Forlag. Gjestgiveriet har  fire romantiske rom til utleige, med felles bad og kjøken.

Her kan du lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region, i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.