Startskotet går for 15. gong i år

Sidan 2005 har Bremanger Idrettslag arrangert Vetenløpet. Laurdag går startskotet for 15. gong.

Desse var blant dei som var med på Vetenløpet i fjor. – Vi er stort sett klare, og har kontroll på det som står att. Vi er spente på å sjå kor mange som deltek i år, seier Katrine Nygård i Bremanger idrettslag.  Foto: Svenn-Ove Kjerpeseth, arkiv

Kultur

– Vi er stort sett klare, og har kontroll på det som står att. Vi er spente på å sjå kor mange som deltek i år, seier Katrine Nygård i Bremanger IL som arrangerer fjelløpet.

Løypa er cirka 4,6 kilometer med start på Grotlesanden, trasé gjennom Grolsdalen og målgang på Veten 527 m.o.h. Total høgdestigning er om lag 575 høgdemeter grunna litt nedoverbakke oppe på Vetenplatået. I snitt har løypa stigning på 12,5 prosent, skriv arrangørane på si heimeside.

– Det er viktig at dei som skal delta i konkurranseklassa melder seg på innan fredag kveld, då det ikkje blir høve til etterpåmelding på løpsdagen. Mosjonistane kan melde seg på fram til start men vi oppfordrar til å bruke nettpåmeldinga som ein finn på heimesidene, seier arrangørane.

Nygård fortel at det til no er omtrent like mange påmelde som på same tid i fjor.

– Folk flest melder seg på rett før, men vi vil minne om at dei som vil delta i konkurranseklasse på hugse fristen, avsluttar ho.