Havsalt sommar:

Inn på tunet til kunstnaren

Her får du tips om kva du kan gjere som turist i vår eigen region.

  Foto: Astruptunet er heimen til ein av Norges mest framståande bildekunstnarar. Foto: Stein Sandemose Bårdsen

Kultur

Astruptunet er heimen til ein av Norges mest framståande bildekunstnarar. Nikolai Astrup er framfor alt kjend for skildringane av frodig vestlandsnatur og tradisjonelt folkeliv, og heimen hans kan du besøke på Sandal ved Jølstravatnet i Jølster kommune. Astrup var fødd i Bremanger, men flytta til Jølster på slutten av 1800-talet. Der blei han buande det meste av livet sitt. I kunstnarheimen kan ein sjå bilda til Astrup, i tillegg til den unike og nærast komplette samlinga av trykkplater. 

Her kan du lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region, i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.