Havsalt sommar:

For dei modellbåtinteresserte

Her får du tips om kva du kan gjere som turist i vår eigen region.

Åram Sogelag har ei rikhaldig modellbåtsamling i enden av Hakallestranda. Arkivfoto: Janne Weltzien Listhaug  Foto: Janne Weltzien Listhaug

Kultur

Åram Sogelag har ei rikhaldig modellbåtsamling i enden av Hakallestranda. Her kan ein sjå samlinga, som mellom anna byr på miniatyrar av Titanic og Noahs ark, så vel som færingar, jekter, dampskip, rutebåtar, redningsskøyter, orlogsskip som Wasa, Bounty og Victory, klipparar som Cutty Sark og polarskipa Gjøa og Fram. Utstillinga viser utviklinga av båttypar knytt til både lokal- og verdshistorie. Åram Sogelag vil halde ope museum søndagar i juli, og ein kan elles ta kontakt med sogelaget om ein er interessert i omvising. Modellbåtsamlinga ligg i enden av Hakallestranda.

Her kan du lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region, i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.