Elvisfestivalen Måløy 2019:

Eddy meiner kyrkjekonserten er det vakraste som finn stad under festivalen

Eddy Popescu kjem tilbake til Elvisfestivalen for tredje år på rad, og han sår lite tvil om kva han set høgst.

Eddy Popescu set det å synge i Sør-Vågsøy kirke svært høgt. I år blir tributeartisten å sjå og høyre i kyrkja saman med ti internasjonale, nasjonale og lokale artistar. 27 nummer skal framførast på dei to konsertane som blir sett opp i kyrkja torsdag. – Det blir ein kjempekonsert. Det er eit så å seie heilt nytt repertoar, der berre nokre få av låtane har blitt brukt tidlegare, seier festivalsjef Helge Hjelle om konserten som har fått namnet «Where No One Stands Alone». Her frå fjorårets konsert. Foto: Jørn-Arne Tomasgard  Foto: Jørn-Arne Tomasgard

Kultur

– For meg er kyrkjekonserten det vakraste som skjer under festivalen. Det er emosjonelt å synge i denne kyrkja, seier tributeartisten, om konsertane i Sør-Vågsøy kirke.

Med elleve internasjonale, nasjonale og lokale solistar er arrangørane klare til å presentere den største kyrkjekonserten i festivalen si historie, og skal vi tru leiinga blir torsdagens konsertar nok ei flott oppleving for songarar og publikum.

– Det blir ein kjempekonsert. Det blir eit så å seie heilt nytt repertoar, der berre nokre få av låtane har blitt brukt tidlegare. Vi har 27 låtar på programmet, så det blir ein gedigen konsert, fortel festivalsjef Helge Hjelle.

Programmet for kyrkjekonserten, som har fått namnet «Where No One Stands Alone», inneheld 27 låtar formidla av elleve songarar. Desse er Bill Cherry, Ted Torres, Eddy Popescu, Tony Nilson, Morgan Vøien, Isak Søraa, Terje Våge, Camilla Silden, Randi Melheim og The Brothers. Det heile akkompagnert av orkesteret Sideshow Bob med korgruppe, samt «Elviskoret».

– Det blir igjen ei magisk oppleving i Sør-Vågsøy kyrkje.

Festivalsjefen sjølv har peika seg ut fleire høgdepunkt.

– Låten som konserten har namn etter, Where No One Stands Alone, har eg stor tru på. Avslutningslåten blir som regel også alltid eit høgdepunkt, seier Hjelle, og legg til:

– På alle konsertar eg har arrangert har ein melodi gått att, og den kjem også til å vere med i år: How Great Thou Art er den Elvis-låten eg har spelt mest, og i år kjem den med ny vokalist.

Kyrkjekonserten har blitt ein svært populær del av festivalprogrammet, både for publikum, arrangørar og artistar.

– Det handlar om at vi har kvalitet i alle ledd. Vi har eit fantastisk orkester og gode songarar, der vi kombinerer internasjonale songarar med dei lokale. Den kombinasjonen er utruleg positiv, seier Hjelle.

Arrangørane trur også kyrkjerommet i seg sjølv speler ei stor rolle for opplevinga.

– Det er faktisk ikkje så vanleg å bruke kyrkja på slike festivalar. For dei som ikkje går i festivalteltet er dette ei viktig og flott tilbod, seier Lars Kjølen.

Ifølge leiinga ligg mykje av kvaliteten også i eit godt lydanlegg, og i år vil arrangørane i enda større grad nytte seg av moglegheitene kyrkja byr på.

– Dei har fått seg to store lerret og i år vil vi køyre film på desse under låtane, som handlar om det temaet det blir sunge om, fortel Kjølen, som saman med Hjelle lovar ein variert og god konsert:

– Det blir nye songarar, nye låtar og alt frå roleg gospel til full trykk og raske låtar.

Eddy Popescu som skal stå på scena under kyrkjekonserten har hatt ein draum om å bli elvissongar sidan han var seks år, og i 2014 då han flytta til Storbritannia starta rumenaren med elvisshow.

– Der forstod eg at «tributeshows», elvisfestivalar og konkurransar eksisterte.

Sidan den gong har tributeartisten besøkt Måløy og Elvisfestivalen to gongar.

– Eg vart overraska då eg vart invitert for tredje gong. Eg ville gjerne kome tilbake, men eg trudde ikkje invitasjonen skulle kome så raskt. Men eg er glad for at Måløy ønskjer meg tilbake, seier han.

Tributeartisten, som set kyrkjekonserten svært høgt, rosar også publikum, og trekk dei fram som noko av det beste med heile festivalopplevinga.

– Fantastisk! Det er dei som gjer det mogleg. Festivalen er for dei, og å sjå dei smile, kose seg og samle seg som ein familie gjer meg veldig glad.

– Eg har fått mange nye vener i Måløy. Dei er fantastiske og vil alltid vere ein del av livet mitt, avsluttar Popescu.