Har dobla talet på gjester i sommar

Talet på gjestedøgn ved Stad Hotell vart nærast dobla på førsommaren i år samanlikna med i fjor. Bookingansvarleg Jeff Roussel ser lyst på neste sesong då talet på rom vert tredobla.

Jeff Roussel og dei tilsette ved Stad Hotell opplever spanande tider med høgsesong og storutbygging med utgangspunkt i den gamle fiskebua Furebuda. Foto: Jørn-Arne Tomasgard 

Kultur

Frå midt i mai til 24. juli auka talet på gjestedøgn ved Stad Hotell frå 478 til 759 samanlikna med i fjor. Første byggetrinn med 12 hotellrom stod ferdig i desember 2017. Den andre fløya er under bygging og skal stå klar i november i år. Neste sesong har Stad Hotell 33 rom for utleige. Roussel er spent på mottakinga frå publikum når dei kan tilby eit komplett hotell. Utviklinga frå opninga av den første hotelldelen og fram til no gjer at han er optimist.