Elvisfesitvalen Måløy 2019:

Hyllar Elvis sin fødeby

Med eit stort show som viser Elvis Presley si musikalske karriere og eit ordførarbesøk ønskjer arrangørane å sette Elvis sin fødeby, Tupelo, på kartet for festivalpublikummarar i alle aldrar.

Helge Hjelle (f.v.), Anita Bjerkås Olsen, Lars Kjølen og Geir Tharaldsen, som utgjer styret i Elvsifestivalen saman med Jakob Myrestrand og Kim Hjelle, gler seg til å ønske velkomen til den 6. utgåva av Elvisfestivalen i Måløy. Festivalen, som startar med kyrkjekonsert torsdag 8. august, inneheld mellom anna show i festivalteltet Graceland, paradar, utstillingar og sceneshow i sentrum. Foto: Marianne Solheim Rotihaug  Foto: Marianne S. Rotihaug

Kultur

– Vi har sett saman eit kjempeshow for å heidre Elvis sin fødeby, og sjølvsagt også ordføraren i Tupelo, som kjem til Måløy for å delta på festivalen, seier festivalsjef Helge Hjelle.

Med ordførarbesøket som bakteppe set festivalen opp teltshowet «From Tupelo (Mississippi) to Måløy» fredag 9. august. Her blir det eit hovudshow med artistane Bill Cherry, Ted Torres, Eddy Popescu, Morgan Vøien og Isak Søraa, samt orkesteret Sideshow Bob, deira korgruppe og Måløy Songlag. I etterkant av hovudshowet blir det fem show med dei nemnde artistane, og blant anna The Brothers, med brørne Espen, Sverre og Isak Søraa.

– Det blir fullt trykk og ein kanonkveld i teltet, lovar festivalsjefen.

– Konserten blir ein kavalkade over Elvis sin musikk. Med cirka 80 spor frå 50-, 60- og 70-talet, blir det både rock, blues og balladar. Artistane kjem til å løfte teltet, legg Geir Tharaldsen i styret for festivalen til.

Laurdag kveld er det duka for nok ein festaftan i teltet, ifølge arrangørane. Då skal det markerast at det er 50 år sidan kongen av rock and roll heldt sin første av mellom 750 og 800 konsertar i Las Vegas.

– 31. juli i år vart akkurat det same showet som Elvis heldt i 1969 på Las Vegas International Hotel framført av Ted Torres på same stad. Litt over ei veke seinare kjem Torres med nøyaktig det same showet til Måløy. Det blir dei same effektane og akkurat den same musikken som Elvis framførte, som blir vist i Måløy, smiler Hjelle.

– Det som kjenneteikna Elvis var at han aldri heldt konsertar utanfor USA. Det vi gjer er at vi hentar showet frå USA og bringar det til Måløy, seier Lars Kjølen i arrangementskomiteen.

I etterkant av hovudshowet, som har fått namnet «Las Vegas – Jubilee 50 Year» er det duka for fleire konsertar i festivalteltet, med mellom anna Bill Cherry, Eddy Popescu, Morgan Vøien og Isak Søraa.

– Som avslutningsnummer skal fem-seks mann på scena og synge Johnny B. Goode. Det kjem til å bli ei fantastisk avslutning på ein strålande kveld, slår Hjelle fast.

For å klare å sette saman ein festival som mellom anna inneheld to konsertar i Sør-Vågsøy kirke og to kveldar i festivalteltet, trengst det mange aktørar. Styret i festivalen har rekna på det, og kome fram til at 90 artistar og musikarar skal i aksjon under festivalen. Blant desse finn vi både Måløy Musikklag og Måløy Songlag

– Og desse 90 artistane skal framføre rundt 180 elvissongar i kyrkja og i festivalteltet, smiler Tharaldsen.

Ordførar i Tupelo, Jason Shelton, gler seg til å sjå korleis Elvisfestivalen i Måløy tar vare på arven etter den kjende artisten.

– Eg er svært glad for å ha blitt invitert til Elvisfestivalen i Måløy. Som ordførar i Tupelo får eg ta del i arbeidet med å promotere livet og arven etter Elvis Presley, kongen av rock and roll. Norge er eit vakkert land, og eg er glad for at eg får moglegheita til å besøke og sjå ein så fantastisk stad, samstundes som det blir sett fokus på Elvis, seier Shelton.

Elvis-ordføraren har allereie peika seg ut nokre høgdepunkt som han ser spesielt fram til.

– Morgan Vøien, Bill Cherry og fleire av dei som skal opptre på festivalen er blant dei beste tributeartistane i verda. I tillegg gler eg meg til å fortelje folket i Måløy om Tupelo og invitere dei til å besøke fødestaden til Elvis – der alt byrja.

Han understrekar at interessa for kongen av rock and roll framleis er stor, og fortel at om lag 100.000 personar årleg besøker Tupelo, nettopp fordi det er der Elvis Presley vart fødd.

– Vi er stolte av å kunne formidle historia om «guten Elvis» til resten av verda, seier Shelton.