Elvisfestivalen Måløy 2019:

Gler seg til å synge med «Elvis»

Leiaren i Måløy Songlag ser fram til at koret skal gå på scena under showet fredag.

Måløy songlag skal kore på 20 songar under hovudshowet «From Tupelo (Mississippi) To Måløy» i teltet fredag kveld, og øvingane har gått føre seg gjennom heile våren. Under songarstemnet i Måløy i vår brukte songlaget reportoaret som underhaldning, noko dei fekk gode tilbakemeldingar på. Foto: Privat 

Koplinga mellom dei internasjonale og lokale har blitt ein raud tråd i festivalen.

Geir Tharaldsen
Kultur

– Vi har ikkje vore med tidlegare, så det er kjekt å prøve. I tillegg er det veldig kjekt å få synge saman med profesjonelle, fortel leiar Janne Blålid i Måløy Songlag.

Har testa repertoaret

Koret har tidlegare vore med på kyrkjekonsert med Stephen Ackles, men elles blir dette ei ny oppleving for dei 33 medlemmane i koret.

– Det var veldig kjekt då vi var med Stephen, så det var enkelt å seie ja då førespurnaden frå Elvisfestivalen kom, seier Blålid.


 

Songlaget skal kore på 20 songar under hovudshowet «From Tupelo (Mississippi) To Måløy» i teltet fredag kveld, og øvingane har gått føre seg gjennom heile våren.

– Vi var ferdige å øve i forkant av songarstemnet tidlegare i år, og no blir det litt repetisjon rett før festivalen, så er vi klare, seier Blålid.

– Under songarstemnet i Måløy brukte vi repertoaret som underhaldning. Då hadde vi eigne solistar og det slo verkeleg godt an. Vi har fått mykje skryt frå gjestane. Vi får håpe vi klarte å lokke nokon til Elvisfestivalen.

Blålid og resten av songlaget håpar mange lokale publikummarar tar turen i teltet for å sjå på dei.

– Vi gler oss til å stå på scena og reknar med at det kjem mykje folk, også lokale.

Fører tradisjonen vidare

Helge Hjelle og Geir Tharaldsen i festivalleiinga gler seg over at dei har fått med Måløy Songlag på arrangementet.

– Målet er at vi skal mikse lokale og internasjonale artistar og songarar. Dette er noko vi har inntrykk av at dei lokale artistane set pris på å få vere med på. Dei løftar seg kvalitetsmessig når dei får vere med profesjonelle aktørar som gjer hundrevis av show i året, fortel Hjelle.


Elvisfesitvalen Måløy 2019:

Hyllar Elvis sin fødeby

 

Tharaldsen understrekar at dette samarbeidet er noko artistane også set pris på.

– Når artistane får vite at dei skal få synge med eit lokalt kor seier dei: «Oi, skal vi det? Så flott.». Dei er ikkje så vande med dette, men dei set verkeleg pris på det.


I dag får du avisa i to delar

Komande helg er det duka for Elvisfestival i Måløy.

 

I fjor var det Torskangerpoll Musikklag som var med på scena i festivalteltet under hovudshowet i festivalteltet.

– Koplinga mellom dei lokale og internasjonale har blitt ein raud tråd i festivalen, slår Tharaldsen fast.