Elvisfestivalen Måløy 2019:

Lokale artistar løftar festivalen

Dei lokale artistane har spelt ei viktig rolle på dei tidlegare elvisfestivalane. Også i år blir fleire lokale songfuglar å sjå i kyrkja og i festivalteltet.

Terje Våge er ein av dei lokale artistane som skal bidra under festivalen. Han blir å sjå og høyre både i kyrkja og i festivalteltet. Arkivfoto 

Kultur

– Vi får veldig god respons på at vi gir dei lokale artistane ei scene, seier Geir Tharaldsen.

– Og det er nettopp å gje dei ei scene som er poenget. Her får dei synge med internasjonale og profesjonelle artistar. Vi ser at dei lokale artistane løftar seg når dei får denne moglegheita, legg festivalsjef Helge Hjelle til.

Blant dei lokale artistane som skal delta er Terje Våge, Randi Melheim, The Brothers «S», som består av brørne Espen, Sverre og Isak Søraa, Jakob Hals, Camilla Silden, Arild Hamre, Tommy Stormo og Elvis-koret med fleire.