Ada Elise og Henrik har skapartrong i blodet

Dei tok over ein gard til nedfalls og har gjort han om til ei lita perle. Paret Ada Elise Håberg (27) og Henrik Otnes (31) har skapartrong i blodet. Det siste prosjektet i rekkja er ei verksemd for websideutvikling.
Kultur

Staden dei bur på er bygda Otnes mellom Kjøde og Årsheim i Selje. Dette er slektsgarden til Henrik. Oldeforeldra hans var dei siste som dreiv garden og budde i huset. Dei døydde på 1970-talet. Huset stod til nedfalls og det var hol i veggane.