Havsalt sommar:

Besøk unik bokby

Bokbyen i Fjærland har fire hyllekilometer med brukte bøker til sals i Mundal.  

Kultur

Her får du tips om kva du kan gjere som turist i vår eigen region.

Bokbyen i Fjærland har fire hyllekilometer med brukte bøker til sals i Mundal. Fergeventerom, fjøs, bank og postlokale er blant dei titals originale bokutsala i bokbyen med bruktbokhandlar som særpreg. Boknatta blir i år laurdag 1. juni, der ein blant anna kan oppleve forfattar Lars Svisdal, som fekk Tarjei Vesaas sin debutantpris i fjor, i samtale med litteraturformidlar Janne Karin Støylen. Det blir føredrag ved Jan Olav Gatland, som har skrive biografi om Mons Litleré, litteraturvandring og konsert med Olav Stedje.

Her kan du lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region, i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.