Havsalt sommar:

Lær historia om måløyraidet

Om ein interesserer seg for historia rundt Måløyraidet og kaptein Martin Linge, er Måløyraidsenteret midt i sentrum av Måløy eit «must».  

Kultur

Her får du tips om kva du kan gjere som turist i vår eigen region.

Om ein interesserer seg for historia rundt Måløyraidet og kaptein Martin Linge, er Måløyraidsenteret midt i sentrum av Måløy eit «must». Senteret gir ei grundig innføring i historia rundt Operation Archery, eller Måløyraidet, som skjedde 3. juledag 1941. Senteret har utstilling i to etasjar. Andre etasje er via til historia rundt sjølve Måløyraidet, som føregjekk  i gata rett utanfor, med forhistoria, kamphandlingane og verknadene. Tredje etasje i senteret er sett av til kaptein Martin Linge, Kompani Linge og historia rundt ­Shetlandsfarten.

Her kan du lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region, i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.