Havsalt sommar:

Senteret for dei steingale

Olivinførekomsten på Åheim er rekna for å vere ein av verdas største og reinaste, og på Åheim har steinen sitt eige senter.  Foto: Siri Kolseth

Kultur

Her får du tips om kva du kan gjere som turist i vår eigen region.

Olivinførekomsten på Åheim er rekna for å vere ein av verdas største og reinaste, og på Åheim har steinen sitt eige senter. Norsk olivinsenter held til på gamle Thue skule som har ope torsdagar, laurdagar og søndagar frå 4. juli til 4. august. Før dette er det ope søndagar 9. og 23. juni. I tillegg til den faste utstillinga med historie, olivin/peridot, eklogitt og kromdiopsid, har senteret også ei ny utstilling av fasettslipte bergkrystallar frå Åheim. I Sundalen, seks kilometer frå Åheim sentrum, ligg Peridotplassen strødd med peridotstein som ein kan plukke. Her finst det også grill, bord og benkar. Her kan ein også, om ein er heldig, finne eksemplar som kan slipast til smykkestein. Den grøne steinen vert ofte kalla «nattas smaragd», fordi den grøne fargen skin når den vert opplyst.

Her kan du lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region, i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.