Bildeserie frå laurdag kveld:

Storstilt 50-årsmarkering på siste kveld av Elvisfestivalen

Kultur

Laurdagskvelden starta med «Las Vegas - Jubilee 50 years» – ei 50-årsmarkering for Elvis sitt første av om lag 800 show i Las Vegas, framført av Ted Torres. Torres framførte det same showet som i Las Vegas for berre ei veke sidan, der han spelte på same scena som Elvis gjorde i 1969. Publikum var med frå starten, og låtar som Love me tender og Suspicious minds var blant dei som slo godt an.