Bildeserie frå Ålfotmarknaden:

NM-gjester løfta marknaden

Hesteskokastinga på Ålfotmarknaden har god stemning og lav terskel. For første gong spissa to lokale noregsmeistrar konkurransen.
Kultur

– Det var flott at dei kom, seier Lars Endre Myklebust i styret for Ålfoten Idrettslag, etter Ålfotmarknaden, som fekk lokale NM-gjester på besøk laurdag. Bygdefolk i alle aldrar stiller som alltid opp i den populære sporten på marknaden, som alltid trekker veldig mange ut på bana. Men i helga kom også Gunnar D. Bugge og Finn Stavenes, to av dei nye noregsmeistrane i Midtre Nordfjord Hesteskoklubb.