Jane Ness stiller ut i Den Blå Hesten

Den Blå Hesten i Måløy opnar laurdag 24. august ny utstilling. Kunstnar Jane Ness stiller ut til 15. september.

Frå 24. august kan ein sjå Jane Ness i Den Blå Hesten. 

Kultur

Jane Ness er født 1957 og oppvaksen i Sauda, men bur i Haugesund.

– Skaparglede og kreativitet har alltid vore ein stor del av hennar liv. Ho beveger seg frå det intuitive abstrakte til det figurative. Ho fangar opp dei små augneblink, leik med form og farge. Fargane sine psykologiske påverknad er også viktig i hennar kunst. Ideen til hennar kunstnariske arbeid kan gjerne ha ei undertone av et alvorleg tema med «glade fargar», skriv Den Blå Hesten i ei pressemelding.

«Bak fasaden» er tittelen på utstillinga ho tek med seg til Måløy.

– Dei fleste er godt kamuflert bak ei maske, det hender maska fell av og fleire ansikt kjem til syne. Mennesket er forunderlege med mange sider og nyansar. Godkjenning er det viktigaste i det sosiale liv. Gjennom denne utstillinga ønskjer ho å formidle medmenneskelege relasjonar, skriv den Blå Hesten om utstillinga.