Sal av stol i Haugesund enda opp med å bli kunstutstilling i Måløy

Laurdag opna Jane Ness frå Haugesund utstillinga «Bak fasaden» på Den Blå Hesten i Måløy.

Laila Schult (t.h.) rosa utstillinga til Ness (t.v.). Foto: Julianne Flølo  

Kultur

– Dei fleste er godt kamuflert bak ei maske, og det er vi kanskje nøydde til for å beskytte oss. Men så hender det at maska fell av og fleire ansikt kjem til syne. Mennesket er forunderlege med mange sider og nyansar. Godkjenning er det viktigaste i det sosiale liv, fortel kunstnaren.