Inviterer til innhaldsrik vandring til «Segnfjellet»

Knutholmen inviterer i lag med samarbeidspartnar Visit Nordfjord, til haustens eventyr, ein vandretur til Hornelen laurdag 7. september.
Kultur

– Hornelen er eit av dei mest kjende heksefjella, her ville overtru ha det til at heksene samla seg til fest både julenatt og jonsoknatta for å danse og feire med Fanden. Målet er å gjere Hornelen kjent som «Segnfjellet i Norge» ved bruk av teknologi. Vandringa vil også bli strømma i sosiale kanalar for at heile Norges befolkning skal kunne ta del i denne historiske vandringa, medan vår alles kjære Toralv Maurstad vil leie sendinga, heiter det i ei pressemelding frå Knutholmen.