Ordføraren sit mellom humorkjendisane i Nytt på Nytt i kveld

I dag, fredag, blir Eid-ordførar Alfred Bjørlo å sjå som gjest i sesongpremieren av humorprogrammet Nytt på Nytt på NRK1.

Eid-ordførar Alfred Bjørli sit i panelet under Nytt på Nytt i dag, fredag. Foto: Ole Kaland, NRK 

Kultur

Her er det Bård Tufte Johansen, Pernille Sørensen og Johan Golden som oppsummerer veka saman med to gjestar, ein av dei altså Eid-ordføraren. Bjørlo skal vere Sørensen sin makker under sendinga.

– Enkelte ting er for absurde til at ein heilt kan forholde seg til at dei skal skje. Men no er det ingen veg tilbake lenger. Følg med på NRK1 fredag – no får det briste eller bære! skriv Bjørlo sjølv på Facebook.