Nådde over tre millionar avspelingar første dagen

Martin Tungevåg frå Stadlandet har nyleg gitt ut låta Play saman med Alan Walker, K-391, og Mangoo. Dagen dei lanserte songen vart den lytta til over tre millionar gongar.

Her frå festivalen Martin Tungevåg frå Stadlandet nyleg spelte på i Mongolia.   Foto: Henning Olerud

Kultur

– Første døgnet var det 763.000 avspelingar på Spotify, pluss at det var nokre millionar som spelte den av på Youtube. Eg er veldig stolt over dette, seier 26-åringen som har vore ein del av prosessen heile vegen.