Stemplar ut:

Under same himmel

Magni Hjertenes Flyum 

Kultur

Denne kommentaren er skriven av Magni Hjertenes Flyum og er ein del av Stemplar ut-spalta på siste sida kvar fredag.

Har du sett på himmelen gjennom ein stjernekikert? Ein nærare kik på det uendelege universet.

Den store overraskinga då eg vart 40 år for nokre år sidan, var at det var slutt på å få praktiske ting til huset. Eg fekk leikar for vaksne. For meg vart det både kajakk og stjernekikert – og med stjernekikerten opna verda seg litt meir.

Her i Nordfjord ser vi stjernehimmelen ekstra godt – endå ein bonus med å bu her vi bur. No er hausten på veg, og etter regnet kjem kalde, klåre haustkveldar der eg kan vende stjernekikerten min mot himmelen. Der leitar eg etter stjernebilete mellom alle dei lysande prikkane. Det er sjølvsagt fullt mogeleg å sjå på stjerner og planetar utan hjelp frå stjernekikerten, men med den får eg studere hav og land på månen. Den raude fargen på Betelgeuse vert tydelegare, og når eg er heldig kan eg mellom anna sjå månane i bane kring Jupiter.

Å stå på jorda og kike på ein planetmåne høyrest uverkeleg ut. Det vert opplevd litt magisk. Kjensla av tid og rom vert viska litt vekk, og eg forstår bittelitt betre at eg berre er ein prikk i universet. Det er ikkje meir enn ein stjernekikert som skal til.

Eg trur ikkje på Gud, og dei som kjenner meg veit eg er medlem i Human-Etisk Forbund. Eg trur på det vi kan sjå og det vitskapen fortel oss. Eg ser på stjernene og trur på mennesket.

Eg veit også at vi som bur under den same himmelen og ser dei same stjernene tilsaman er noko større enn oss sjølv. Vi er ein del av ein fellesskap, og eg trur at vi saman kan finne gode løysingar. Eg trur på demokratiet.

Gjennom FN har vi sett bærekraftsmål som ein felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, fjerne ulikskap og stoppe klimaendringar innan 2030. 17 mål og 169 delmål er sett etter innspel frå heile verda og meir enn 10 millionar enkeltmenneske. Der er hårete mål som null svolt, bærekraftige byar og å sikre alle like mogelegheiter, men eg har likevel desse måla i bakhovudet når eg går til vallokalet på måndag.

Bærekraftsmåla høyrest heilt umogeleg ut, men med dei som felles utgangspunkt kan vi endre verda i rett retning. Eit av dei viktige prinsippa er at alle skal med. Vi må arbeide for ei betre verd for alle, ikkje berre oss sjølve, og ingen kan få viljen sin heilt åleine.

Måndag er det val – og eg som berre er ein prikk i universet får lov til å vere med å endre verda. Bli med du òg!