Inntek restauranten med spel og historiar

20. og 21. september kjem Jarl Wåge, Arne Andal og Reidar Gotteberg til Kraftstasjonen med eit heilt nytt show kalla Tre menn og to gitarar.

Fredag og laurdag er Jarl Wåge, Reidar Gottberg og Arne Andal å finne på Kraftstasjonen i Måløy. Pressefoto 

Kultur

Historieforteljar Jarl Wåge meiner gitarakkompagnementet gir historieforteljinga ein ny dimensjon, noko som gjer framsyninga litt ny samanlikna med framsyningar han tidlegare har hatt på restauranten.

– Kraftstasjonen byr også på spesiallaga meny, så dei som vil ha god mat og drikke i kombinasjon med forestilling, kan gå for ein heilaften. Eller ein kan berre gå for forestilling, seier Wåge.

– Det blir nye og gamle forteljingar, fortel han. Alle pakka inn i flott gitarspel frå Arne Andal og Reidar Gotteberg.