Matskulen:

Stian byr på fårikål

Matskulen byr på oppskrifter utarbeidd av MVS-elevane som går på kokk- og servitørfag i samarbeid med faglærarane Iren Hammersvik, Bente Iren Vonheim og Monica Iren Venøy Lexau. I dag har Stian Dammerud laga fårikål. 

Kultur

Visste du at for 40 år sidan vart fårikål stemt fram av Nitimens lyttarar til Noregs Nasjonalrett? Fårikål blir sett på som husmannskost og festmat, og det er lurt å lage ekstra mykje når ein først kokar, for fårikålen smaker kanskje enda betre dagen etter at den er laga. Stian Dammerud delar her si oppskrift på haustklassikaren.