Neste år går dei frå opera til ein ny sjanger

I sin 23. produksjon neste år har Opera Nordfjord bestemt seg for å satse musikal. Eg tematikken kan bli meir aktuelle enn dei hadde sett føre seg.

Totalt 2.892 publikummarar fekk med seg operaen Hans og Grete, som var Opera Nordfjord sin hovudproduksjon i år. Av dei nær 2.900 personane var 277 barn. – Dette er absolutt ei ny målgruppe for oss, og eg er veldig fornøgd med at det kom så mange barn og foreldre, og eg håpar dei kjem att seinare, seier operasjef Kari Standal Pavelich, som saman med Opera Nordfjord skal sette opp musikalen Mannen frå La Mancha neste år.  Foto: Siri Kolseth

Kultur

– For første gong skal vi gjere ein musikal som hovudproduksjon. Vi har hatt opera i 22 år, og har lenge snakka om at ein gong skulle vi ha musikal, men Michael (Pavelich) har sagt at vi må ta alle dei store operaane først, og no i den 23. produksjonen må vi ha lov til å gjere dette, seier operasjef Kari Standal Pavelich.