90 elevar skal gå med bøsser i sentrum

Kommunekomitéen i Eid har i mange år hatt eit godt samarbeid med Fjordane Folkehøgskule, der alle elevane kvart år går som bøssebærarar i Nordfjordeid sentrum. 90 elevar skal ut også i år.

Gjer ein innsats: 90 elevar frå Fjordane Folkehøgskule går med bøsser.  Foto: privat

Kultur

Det er ordførar Alfred Bjørlo som er leiar for TV-aksjonen i Eid.

Fleire yrkesgrupper hiver seg også med på aksjonen. FIN Frisør ved Anne Tove Thorsnes med fleire frisørar i Eid donerte 100 kroner frå kvar klipp til TV-aksjonen torsdag, under konseptet klipp med meining. ALTI Nordfjord ved Bente Torheim har arrangert lotteri til inntekt for TV-aksjonen. BergArt ved Katrine Berg har laga eit handlaga CARE-armband som ho auksjonerer vekk til inntekt for TV-aksjonen på aksjonsdagen søndag.


Oppfordrer lokalt næringsliv til å støtte årets TV-aksjon

– Selv om det ikke er lokalt må man ha et globalt blikk

Sidsel Kongsvik og Kristin Maurstad oppfordrer næringslivet i Vågsøy til å bidra til årets TV-aksjon, og håper kommunen kan klatre seg oppover på giverlisten.

 

Onsdag arrangerte også TV-aksjonen Sogn og Fjordane ein konsert på Larris Scene i Førde til inntekt for årets TV-aksjon. Tre band frå Eid bidrog her, Oselie, Odd-Erik Lothe og Jackbow, dei to første på scena medan Jackbow auksjonerte vekk ein intimkonsert.