Gler seg til å spele sin nye musikk for publikummet på Strandfestivalen

Fredag slepp bandet Jackbow ein heilt ny singel. Denne og fleire nye songar blir blant det publikum på Strandfestivalen får høyre neste sommar.

Klare for festival: Jackbow, som består av Andreas Espelund (gitar), Håkon Henjesand Høydal (gitar), Peder Naustdal (vokal), Jacob Hagen (bass) og Olaf Gloppen (trommer), gler seg til å entre scena på Strandfestivalen med eigen musikk. I løpet av dei komande tre vekene gir bandet ut seks nye songar. Pressefoto 

Kultur

– Det er veldig kjekt å spele konsertar i nærområdet. Eg var på Refviksanden i sommar og bada, og det blir veldig kult å få spele konsert der, seier Peder Naustdal, som er vokalist i Eid-bandet Jackbow.

Han lovar publikummet på Strandfestivalen eit energisk show og mykje ny musikk når dei entrar scena på Strandfestivalen, som går av stabelen 3. og 4. juli.

– Vi skal sjølvsagt levere ei energibombe av eit liveshow, lovar den energiske vokalisten.

Gir ut musikk

Det har blitt lite tid til å spele konsertar den siste tida for dei fem bandmedlemmane. Det meste av tida har gått med til å lage deira første EP som kjem ut 8. november. Men først er det slepp av ein ny singel. Parting Ways kjem ut fredag 25. oktober.

– Den handlar om å skilje vegar. Det kan vere litt vanskeleg, men av og til for det beste, seier Naustdal.

Frå før har bandet gitt ut tre songar, men i løpet av tre veker slepp dei seks nye.

– Uttrykket er litt annleis. Det er litt hardare, ikkje metall, men det går litt fortare. Vi er framleis eit rockeband.

Dermed blir det lite coverlåtar når eidarane går på scena.

– Der blir det berre eigen musikk, så her er det berre å sette seg ned og lytte i forkant.

– Dei kjem til å bli store

Kent Rune Bugjerde i Strandfestivalen er svært glad for å kunne lansere Jackbow som ein del av programmet til neste års festival.

– Vi har høyrt på dei nokre gonger og dei er eit høgenergisk og spennande rockeband med engasjerte og aktive ungdomar. Dei kjem til å bli nokre godt kjende nasjonale artistar om nokre år, seier han, og held fram:

– Dei passar godt inn i mangfaldet vi har i programmet vårt, og vi gler oss til å få dei til Refvik.

Eva Marie Pleym og Kent Rune Bugjerde er godt fornøgde med å ha sikra seg rockebandet Jackbow som ein del av programmet til neste års festival. Foto: Fjordenes Tidende 

Bugjerde trur ungdomane kan lokke eit breitt publikum.

– Eg trur dei appellerer til både yngre og eldre. Tenk deg, energisk rock i solnedgang i Refvik. Kan det bli betre?

Arrangøren fortel at festivalen ønskjer å nytte lokale band, men ikkje til ein kvar pris.

– Vi ønskjer å ha lokale band som er up-and-coming. Vi har fått med oss Jackbow fordi dei er eit kult og bra band.

Førre veke slapp festivalen den første artisten til neste festival, Rotlaus, og Bugjerde merkar at interessa er stor.

– Responsen er veldig god. Vi merka det ved første bandet vi slapp at billettane går så det susar.