Broder Ole: Jølstring og seljevenn Broder Ole er einaste Benediktinarmunk i Norge. Nyleg besøkte han Selje og Doktorgarden. – Vil dei ha meg har eg ingen ting i mot å få mine siste leveår som munk på klosteret på Selja, seier han. Foto: Inge Fænn

Ser gjerne for seg eit liv som munk på Selja

– Skal kyrkja ha ei framtid nyttar det ikkje med fanatisk hakking. Vi må slå ring om den kristne kulturen, seier Broder Ole, jølstringen og seljevennen som ikkje ser bort ifrå at Selja kloster kan vere ein fin plass for han dei siste åra han har igjen som munk.