Var tidleg ute og fekk kapra denne gjengen til festivalen

Band nummer tre som er booka til Strandfestivalen i Refvik er Stavangerkameratene. – Da vi i fjor spurte kva band folk ønskte seg til neste år, var Stavangerkameratene høgt oppe, seier Kent Rune Bugjerde.

Nok eit bra liveband: Stavangerkameratene kjem til Strandfestivalen i Refvik 2020. Dei skal spele fredag saman med Jackbow og Rotlaus. Foto: Rune Sørensen 

Mange har håpa at dei skal kome hit.

Kent Rune Bugjerde
Kultur

– Så vi gjekk tidleg ut og kapra dei slik at vi fekk dei med i line up-en. Det er mange som har håpa at dei skal kome, seier han.

– Og de er glade for å kunne innfri?

– Ja, absolutt. Det er vi alltid. Vi er avhengige av vårt publikum og det er ikkje noko som er kjekkare enn å kunne oppfylle ønske. For oss er det viktig å ha eit veldig variert og godt program som fengar alle aldersgrupper og sjangrar.

Kjende frå TV

Stavangerkameratene er eit folkeleg band der fleire av frontfigurane er kjende frå songkonkurransar på TV. Kjartan Salvesen, Tommy Fredvang, Glenn Lyse og Ole Alexander Mæland var alle etablerte artistar ved oppstart i 2015. Salvesen og Lyse vann begge Idol, høvesvis i 2004 og 2007, Fredvang deltok i X Factor i 2009 medan Mæland deltok i The Voice i 2012. Mæland var også vokalist i Elle Melle.

Namnet og samarbeidet kom i stand då desse fire blei spurt om å opptre saman på opninga av volleyball-VM, og blei i den samanheng kalla «Stavangerkameratene» av konferansier Stian Blipp.

– Dei speler veldig folkeleg og lettliva musikk, og vi gler oss til å ha de på scena, seier Bugjerde.

– Så dette er eit band som får med seg publikum?

– Ja, og saman med Rotlaus og Jackbow, som vi allereie har sleppt, har vi tre liveband som vil skape utruleg trøkk.

Alle tre band som no er kjend booka til Strandfestivalen 2020 skal spele fredag.

– Og så kjem det eit band til på fredagen. Vi går for to like bra konsertdagar fredag og laurdag, og eg trur, om ein ser på dei banda vi allereie har på fredagen, kor bra laurdagen også kjem til å bli, seier Bugjerde og legg til:

– Vi er kjempeglade for å ha med dei vi har så langt, og saman med resten av lineup-en for festivalen, blir det heilt rått.

Billettane sel

Billettsalet til festivalen er allereie i gang, og Bugjerde kan fortelje at der er fart i salet.

– Early bird-billettane blei jo selde ut før vi hadde sleppt eit einaste band, og etter at vi no har sleppt dei første har salet gått veldig bra. Så her må ein vere tidleg ute, hugs at det berre er plass til 2.500!