Hyperaktuelt teaterstykke kjem til Måløy

Engelen frå Kobane er like sterkt for ungdommar som for vaksne, skriv Sogn og Fjordane teater i ei pressemelding.

Engelen frå Kobane er like sterkt for ungdommar som for vaksne, skriv Sogn og Fjordane teater i ei pressemelding. Pressefoto 

Kultur

Tidlegare i år vart «Engelen frå Kobane» nominert til den høgaste utmerkinga ein kan få i teater-Norge: Heddaprisen, i kategorien Beste barne- og ungdomsframsyning. Det betyr ikkje at framsyninga ekskluderer eit vakse publikum. Engelen frå Kobane er ei svært engasjerande framsyning om kor sårbart det er å vere ei ung kvinne i den pågåande konflikten i Syria.

I 2014 dukka det opp bilde av ei ung, militærkleidd, kurdisk jente i sosiale medium. Ho heitte Rehana og var jusstudent. Bildeteksten fortalde at jenta skulle ha drepe over 100 IS-soldatar i dei harde kampane som den kurdiske motstandsbevegelsen (YPG) utkjempa i grensebyen Kobane. Bilda av Rehana vart delte fleire tusen gonger, og ho fekk tilnamnet «Angel of Kobane». Historia om Rehana er ei fiksjonsforteljing, basert på ein myte. Men alt har skjedd – og skjer framleis i verda i dag.

Regissør Miriam Prestøy Lie seier at ho skulle ønske at ho kunne seie at dette stoffet hadde tapt sin aktualitet, sidan ISIS er «nedkjempa», i stor grad av de kurdiske grupperingane, og dei allierte er reiseklare.

Dessverre er det ikkje slik sidan Tyrkia nyleg har gått inn i Rojava med tanks, for å hindre spreiing av eit moderne, likestilt demokrati.

Sogn og Fjordane Teater viser til at både Bergens Tidende og Bergensavisen har gitt framsyninga terningkast 5.

Framsyninga skal turnere for elvear i Den kulturelle skulesekken i Sogn og Fjordane, i tillegg til nokre få utvalde plassar med opne framsyningar. Nordfjordhallen får besøk onsdag 30. oktober.