Countrykvelden skapte god stemning

– Det er ekstra stas å få synge i heimbygda

– Det var kjekt å få sjå litt av alt, både song og dans, seier Tone Hessevik (18), som var solist på countrykvelden på Bryggja Kulturhus.
Kultur

Damekoret Vestavind bad inn til heilaftans countrykveld med konsert og linedans, servering og dansefest for dei som kom til Bryggja Kulturhus laurdag. Koret hadde også fått med seg to songarar frå bygda som solistar, Tone Hessevik og Malene Lunde Sætren.