Dette skjer på Kulturnatt

Bandet inviterer til sleppkonsert for sin nye EP

Til helga er det igjen klart for Kulturnatt i fleire kommunar. Under kan du sjå kva som skjer i Vågsøy, Selje og Eid.

Sleppekonsert: Jackbow frå Eid har sleppkonsert i Gymmen på Nordfjordeid under Kulturnatt fredag 8. november.   Foto: Pressefoto

Kultur

– Det er god bredde i programmet i Vågsøy med song, dans, kunst, mat og kultur. Det er kjekt at vi kan få med og trekke fram noko av det kommunen har å by på. Og kvart år håpar vi å få med nye tilbod, seier Ylva Petrikke Seljenes i Vågsøy kommune.