Feirar 30 år med stor konsert

Bremanger kammerkor og dirigent Jarle Grotle inviterer til jubileumskonsert i Bremangerhallen laurdag 9. november. Der byr kammerkoret på eit breitt repertoar frå dei siste 30 åra.

Bremanger kammerkor inviterer laurdag 9. november til jubileumskonsert i Bremangerhallen. Her vil publikum få høyre eit breitt repertoar frå dei siste 30 åra. På konserten blir også Kalvåg, Svelgen og Bremanger songlag med. Her er Bremanger kammerkor på kortur til Gdansk siste helga i september.  Foto: Privat

Kultur

– Vi har fått med oss Kalvåg songlag, Svelgen songlag og Bremanger songlag på ein skikkeleg jubileumskonsert, seier dirigent Jarle Grotle.