Ber inn til førjulskonsert

Torsdag 14. november blir det førjulskonsert med Steinar Engelbrektson og Kai Robert Johansen i Selje kyrkje.

Steinar Engelbrektson (bildet) tar med seg Kai Robert Johansen på konserten i Selje kyrkje den 14. november.  Foto: Pressefoto

Kultur

Steinar Engelbrektson er ein populær artist som har gitt publikum mange gode låtar med meiningsfulle tekstar. Både På grunn av bagateller og Ikkje gje opp håpet er låtar som mange har eit forhold til.

Denne gongen har musikaren og artisten Steinar Engelbrektson fått med seg artisten Kai Robert Johansen til konserten i Selje kyrkje torsdag.

– Kai Robert er inne i sin 49. sesong som mellom anna komponist, tekstforfattar, salmediktar, trompetist, songar og entertainer. I løpet av disse årene har han gitt ut hele 60 platealbum, og selt over ein million plater, heiter det i ei pressemelding.

Tre av albuma til Johansen har selt til gullplate, og eitt til platinaplate på Island.

– Saman med Steinar Engelbrektson gler Johansen seg til å kome til Selje Kyrkje og halde konsert.