Skal ta festivalen til nye høgder med verdsmeistrar på programmet

Med to verdsmeistrar på programmet håpar arrangørane at elvisfestival nummer sju skal bli den beste så langt.

Tributeartistane Bill Cherry, Diego Light, Mark Summer, Eddy Popescu, Isak Søraa og Morgan Vøien skal sørge for at elvisstemninga kjem til Måløy i byrjinga av august neste år. Dei skal også få med seg lokale artistar på scena under neste års elvisfestival. – Rammeverket blir jo det samme, men med dei artistane vi har fått på plass i år, ligg alt til rette for at vi skal kunne ta festivalen til nye høgder, seier Geir Tharaldsen, som er ein av arrangørane bak festivalen.   Foto: Tovita Razzi

Artistane vil gjerne kome til Måløy.

Helge Hjelle
Kultur

– Vi hentar frå øvste hylle. Festivalen har blitt kjent hos dei beste tributeartistane i USA og Storbritannia, og dei vil gjerne kome til Måløy, seier Helge Hjelle i Elvisfestivalen.

– Rammeverket blir jo det same, men med dei artistane vi har fått på plass i år, ligg alt til rette for at vi skal kunne ta festivalen til nye høgder, seier Geir Tharaldsen.

Verdsmeistrar på plakaten

Bakgrunnen for at Tharaldsen seier dette er at festivalen har fått to av verdas beste tributeartistar til å kome til Måløy 6., 7. og 8. august neste år.

– Desse amerikanarane som vi har henta i år er begge tilsett i Elvis Presley Enterprises, og har blitt kåra til verdas beste tributeartistar. Fantastiske Bill Cherry, som var på festivalen i fjor, kjem tilbake til oss i 2020. Han har kvalitetar som gjer at han kanskje er det næraste originalen vi har sett. Han gjorde ein strålande jobb i fjor, og han likte seg så godt at då vi spurde om han ville komme tilbake, fekk vi eit umiddelbart «yes», seier Hjelle.

– Så har vi gjort eit nytt «scoop». Verdsartisten Diego Light kjem til oss i Måløy. Diego er ein høg, mørk og svært sjarmerande brasilianar som bur i USA. Han reiser verda rundt med sine show. Vi trur at han vil skape elektrisk stemning i festivalteltet, smiler Tharaldsen.

Lovar rock ’n’ roll

Arrangørane har også fått på plass det dei omtalar som ein skikkeleg rockar til neste års festival.

– Mark Summer er ein «entertainer» som kan kopiere Elvis i detaljar frå spesifikke filmscener og tv-framføringar. Han bruker klede, sko, gitarar, mikrofonar og syng og rører seg som Elvis gjorde i sin ungdom. Han er eit fyrverkeri av ein artist som gir alt. Det er berre å glede seg, meiner Tharaldsen.

Festivalen har også fått på plass ein tributeartist som etter kvart har blitt ein kjend skikkelse for publikummet i Måløy. Eddy Popescu kjem til festivalen for fjerde gong.

– Han tar publikum med storm. Folk er veldig begeistra og vi får mange flotte tilbakemeldingar på han. I tillegg er det eit kvalitetsstempel for festivalen at han vil kome tilbake nok ein gong, meiner Hjelle.

– Ingen festival utan Isak

The Norwegian Elvis Festival har også fått med seg dei beste norske tributeartistane, Isak Søraa og Morgan Vøien.

– Ein festival utan Isak er ikkje aktuelt. Han er som god årgangsvin, han blir berre betre og betre, og er blant Norges beste, seier Tharaldsen.

Morgan Vøien, som har vore med på festivalen fleire gonger, også i 2019, hadde arrangørane tenkt skulle få ei pause i 2020.

– Men etterspørselen etter Norges mest populære tributeartist vart så stor at valet om å invitere han tilbake var enkelt å ta. Europameisteren kjem tilbake neste år, smiler Hjelle.

– Han er Norges beste tributeartist, legg Tharaldsen til.

No er alle dei internasjonale og nasjonale tributeartistane på plass, og det som står att er å booke inn dei lokale artistane.

– No skal vi få på plass dei lokale artistane som skal få synge med desse tributeartistane. Det har vore ein suksess med denne kombinasjonen, og det skal vi halde fram med, seier Hjelle.