Blei valt ut blant nitten søkjarar

Line Dybedal fekk støtte til innspeling av vinterlåt

Støtta fekk ho i frå Sogn og Fjordane musikkfond (SOMU) som er eit sjangeruavhengig fond med tilskotsordningar for artistar og arrangørar frå Sogn og Fjordane.

Fekk støtte: Line Dybedal fekk støtte til innspeling av vinterlåt.  Foto: Helle Frogner

Kultur

Etter søknadsfristen i oktober 2019 vart det gitt innspelingsstøtte til Line Dybedal, Frida Hunshammer, Slegest, Kråkebollane, Øyrehagen og I SEE RIVERS og turnéstøtte til Siri Byrkjedal og Øyrehagen, heiter det i ei pressemelding.

Line Dybedal frå Selje følger opp musikken frå barne-tv-serien «Bli med heim» med meir barnemusikk som vaksne også har glede av. Med den nye singelen «Hjertet lyser som ei snølykt» viser ho mysteriet og spenninga rundt nysnøen når vinteren endeleg kjem.

– SOMU er viktig fordi det å drive kultur, både på amatør- og profesjonelt nivå er krevjande. SOMU gjev oss ein liten dytt, slik at vi får realisert draumar og fine prosjekt. Tusen takk!!, seier Dybedal etter å ha mottatt støtta.


Line Dybedal klar med ny låt

Den barnslege gleda over den første snøen har inspirert Line

Den barnslege gleda over den første snøen har vore inspirasjonen til Line Dybedal frå Selje som i dag slepp sin nye song «Hjertet lyser som ei snølykt».


Juryen hadde ein utfordrande jobb

Av dei 19 søknadane som kom inn var det høgt nivå og det vart ein tøff jobb for juryen å velje ut kven som fekk dele dei 125 000 kronene som vart delt ut i denne runden. Juryen bestod av Kristin Sandal frå produksjonsselskapet OnCue Music Productions, Viggo Randal frå musikkfestivalen Utkant og artist og folkemusikar Britt Pernille Frøholm.



– Juryen har hatt ein veldig kjekk, men også utfordrande jobb. Det var mange gode prosjekt å velje i, og stor spennvidd i søknadane. Så det var ikkje berre enkelt å skulle plukke ut nokre få. Vi har vektlagt kvalitet, utvikling, geografisk spreiing og sjangerbreidde i vurderinga vår. Det er kjekt å sjå at det er so mykje bra på gang i musikklivet i fylket, og det er flott at SOMU kan vere med å løfte fram det som skjer, seier Kristin Sandal, på vegner av juryen i SOMU.