Rektor ved kulturskulen, Hildegunn Vederhus, håpar store og små finn vegen til Parken Kulturhus når kunst-, musikk- og songelevane vil vise fram breidda i det dei driv med.
Tidlegare år har fleire hundre vore samla i kulturhuset, både elevar, familie og andre, for å sjå kva dei flinke elevane har øvd seg på og laga til gjennom hausthalvåret.
– Bli med kulturskulen inn i adventstida. Musikkelevane har festrepertoaret klart, kunstelevane syner fram haustens inspirasjon og aspirantar frå heile kommunen samlast til eitt korps, fortel Vederhus, som samstundes lovar julestemning, gløgg og peparkaker og mykje å glede seg over.