Koret håpar den første julekonserten skapar ny tradisjon

Silisium Vokal gler seg til å halde deira alle første julekonsert, og håpar allereie no at det kan bli ein årviss tradisjon.

Jul med silisium: Koret Silisium Vokal inviterer til julekonsert i Bremanger kyrkje laurdag 30. november og Eikefjord kyrkje søndag 1. desember.  Foto: Kjell Aga Ulvestad

Kultur

– Vi ønskjer å ha den første konserten heime i Bremanger kyrkje men vi vil også ta turen til Eikefjord kyrkje. Vi besøkte Eikefjord kyrkje/Eikefjord- dagane i august og dei viste seg å ha eit fantastisk publikum. Vi følte oss som heime, fortel Bremanger-koret.

Dei åtte songarane har plukka ut kvar deira favorittar når det kjem til julesongar, både kjende og mindre kjende.

– Uansett garanterer vi stemningsfylte songar. Vi har med oss flinke musikarar i pianist Dag Øivind Rebnord, som også skal få framføre sin eigen julesong Kvelden før kvelden, Raimund Hoclas på kontrabass/bass og Tor Olav Heldal på perk/trommer.

Koret består av Elisabeth Solbakken, Grete Berntzen, Hilde Gretha Hauge, Silje Dahle, Eliise Tuul, Linn Karin Sande Igland, Monica Liseth Hauge og Linn Therese Heldal Belseth.

– Vi håpar konserten kan freiste i inngangen til adventstida – vi garanterer god førjulsstemning!