– Eg er berre nøydd til å få med meg nissefesten

Nissefesten til Måløy Musikklag har blitt tradisjon for mange. Line Mette Bortne hadde med mor, barn og barnebarn.

Nissefest: Framfor rundt 400 publikummarar presenterte Måløy Musikklag årets nissefest. Her er alle samla for å synge Deilig er jorden, som tradisjonen tru var avslutningsnummeret.   Foto: Frithjof Silden

Vi håpar nissefesten kan bidra til å skape litt julestemning før jul til folket.

Kjell Gunnar Tennebø
Kultur

– Eg er berre nøydd å få med meg nissefesten, det har blitt ein tradisjon, seier Bortne, som fortel at ho har vore og sett på nissefestane i 40 år.