Song sine eigne julefavorittar

Silisium vokal garanterte julestemning då dei inviterte til sin første julekonsert i Bremanger kyrkje. Og slik vart det.

Julekonsert: Bremanger-koret Silisium Vokal inviterte til julekonsert med eige band i Bremanger kyrkje laurdag. Bak f.v. Eliise Tuul, Monica Hauge, Elisabeth Solbakken, Dag Øivind Rebnord, Tor Olav Heldal og Raimund Hoclas. Framme f.v. Grete Berntzen, Linn Karin Sande Igland, Linn Therese Heldal, Silje Dahle og Hilde Hauge.   Foto: Ingrid Elisabeth Haugen

Kultur

Det er dei åtte damene Elisabeth Solbakken, Grete Berntzen, Hilde Gretha Hauge, Silje Dahle, Eliise Tuul, Linn Karin Sande Igland, Monica Liseth Hauge og Linn Therese Heldal Belseth, som alle er i ulik alder og frå forskjellige stadar i kommunen som utgjer Silisium Vokal. Dei hadde allereie lova før konserten laurdag at julekonsertane skal verte fast tradisjon. Men det var likevel ikkje nokon tradisjonell musikalsk framføring dei baud på denne første adventshelga.