Julekonserten var ein draum for Alexander

Alexander Pavelich har alltid hatt ein draum om å synge julesongar med fullt orkester. I Operahuset Nordfjord gjekk draumen i oppfylling på Den store julekonserten på fredag.

Alexander Pavelich og Lise Granden Berg song duett på O helga natt og The Prayer. Sopranen Lise Granden Berg tok turen frå Oslo for å delta på den store julekonserten. Granden Berg har tidlegare gjesta Opera Nordfjord ved oppsettinga av Tryllefløyten.   Foto: Siri Kolseth

Det har alltid vore ein draum å synge julesvisker med fullt orkester.

Alexander Pavelich
Kultur

– Jul er heilagt for mange og det er noko som er kjært for alle. Det å vere med og skape noko som alle har noko felles med er herleg. Dette er å sameinast i tradisjon og musikk, seier Alexander Pavelich, som kom heim som solist på Den store julekonserten til Opera Nordfjord.