Lovar å skape god julestemning

Onsdag 11. desember er Bremanger musikklag og Bremanger kammerkor klare med julekonsert i Frøya kyrkje.

I år har Bremanger musikklag og Kalvåg songlag julekonsert saman.   Foto: privat

Kultur

Det blir meldt om god stemning på øving for Bremanger musikklag, Kalvåg songlag, Jarle Grotle, Raymond Hoclas og laga sine syngande dirigentar.

Onsdag 11. desember er dei klare for konsert i Frøya kyrkje.

– Vi føreslår at du riv deg laus frå juleførebuingane og kjem på konsert, seier Linda Stenseth i marknadsføringsgruppa til Bremanger musikklag og Kalvåg songlag.

Musikklaget og koret hadde lyst å gjere noko nytt i år, og svaret var å slå seg saman for ein julekonsert.

– Vi trur vi skal klare å skape god og varm julestemning midt i veka, seier dei.