Spelar i kyrkja i kveld

Artisten Chris Medina inviterer til konsert i Eid kyrkje tysdag 10. desember.

Chris Medina inviterer til konsert i Eid kyrkje tysdag 10. desember. I fjor besøkte artisten Bremanger kyrkje, der han inviterte med seg Bremanger kammerkor på konserten.   Foto: Kjell Aga Ulvestad

Kultur

Med seg har han Erik Næss og Lars Støvland. Til saman lovar dei ein kveld med god julestemning, der både norske og amerikanske julesongar står på programmet.

Medina er frå Chicago, og har budd i Norge sidan 2014. I 2019 deltok han i Melodi Grand Prix med låten We Try.

  • I Fjordenes Tidende tysdag har vi skrive at konserten finn stad torsdag 12. desember. Dette er er ikkje rett. Konserten er i kveld, tysdag 10. desember. Vi beklagar feilen.