Sjå bilda frå jubileumskonserten

Gav alt for korpset som fylte hundre år

Kultur

How Great Thou Art song solist Gro Haugen under den kombinerte nyttårs- og jubileumskonserten til Torskangerpoll Musikklag laurdag. Det kan verke som både pubikum og gratulantar følte det same for korpset og solistar.

Publikum reiste seg fleire gonger, mellom anna for nemnte nummer med Gro Haugen. Og korpset fekk også ståande applaus då det heile var over.

Også dei som kom for å gratulere fekk ei musikalsk oppleving som sat litt i.

- Steik, så flinke de er til å spele! Eg er så imponert, sa leiar i Måløy Musikklag Kjell Gunnar Tennebø, då han overrekte jubileumsgåva til det 16 år yngre musikklaget.

- Takk for 100 år med fantastisk artig musikk, sa ordførar i Kinn Ola Teigen og spøkte med at det ikkja var ofte han kunne ønske 100-åringane han besøkte til lukke med dei hundre neste.

Men det kunne han altså her, og overrekte ein blomsterbukett til dirigent Lisbeth Helen Våge som takk.

Det var fullt hus i Nordfjordhallen då Torskangerpoll Musikklag sparka i gong jubileumsåret.