Ordføraren var imponert

– Eg må nesten klype meg sjølv i armen over dette korpset

– Eg må nesten klype meg sjølv i armen over at sju menn frå Torskangerpoll for 100 år sidan starta eit korps som no leverer eit show ein omtrent berre kan sjå på TV, rosar ordførar Ola Teigen etter Torskangerpoll Musikklag sin jubileumskonsert.

Fest: Det var fullt hus i Nordfjordhallen då Torskangerpoll Musikklag sparka i gong jubileumsåret 2020. Musikklaget skal også markere med ei festhelg i juni og ein kyrkjekonsert. Her syng solistane Isak Søraa og Gro Haugen Delilah til akkompagnement fra korps og publikum.   Foto: Svanhild Breidalen

Kultur

– Torskangerpoll musikklag er meir enn berre eit korps, dei leverte eit show ein omtrent berre kan sjå på TV, seier ein begeistra ordførar Ola Teigen (Ap) til Fjordenes Tidende etter konserten.