Kom med det beste frå vest

Det var eitt av Vestlandets beste kor som song det nye året inn i den nye heimkommunen Stad. Sunnivakoret fylte operahuset.

Nyttårskonsert med Sunnivakoret og Ytre Suløens Jassensemble. Ekstranummer Never Leave Me Alone.  Foto: Siri Kolseth

Kultur

Den femtande nyttårskonserten med Sunnivakoret og Ytre Suløen Jassensemble kom til Nordfjordeid for å markere starten på Stad kommune, og vart tatt imot av eit bortimot fullsett operahus laurdag kveld.