Byr på solokonsert med plateslepp

Torsdag 30. januar i Operahuset Nordfjord inviterer pianist Norvald Dahl til konserten Flying High, ein solokonsert med plateslepp.

Norvald Dahl speler mellom anna låtar frå den ferske plata Flying High.   Foto: Pressefoto

Kultur

– Ein kan vente seg ei suggererande oppleving med blanding av jazz, folkemusikk, pop og moderne klassisk når pianisten Norvald Dahl «går solo», skriv Operahuset Nordfjord i ei pressemelding.

– Med alt frå melodiøse improvisasjonar til tøffe klangar og folketonar fyller Norvald Dahl rommet med god stemning. Denne kvelden sit Dahl åleine ved det fabelaktige Fazioli-flygelet, men heilt åleine blir han ikkje sidan du som publikum sit tett på oppe på sjølve scena. Der får du mellom anna høyre låtar frå den ferske plata som er spelt inn i Fosnavåg konserthus med moderne romklangteknologi.