Klare for årets skulemusikal

– Det blir mykje drama, latter, musikk, flinke folk og god stemning

Fredag 14. februar er det premiere på årets musikal ved Firda vidaregåande skule.

Ørjan Rygg (i midten) spelar ei av hovudrollene i årets musikal ved Firda vgs.  Foto: Helena Heggeli Walseth

Kultur

Elevane på musikk, dans, drama ved Firda vidaregåande skule sett til helga opp 50-tals musikalen Grease.

– Eg har gleda meg til dette veldig lenge, so det er litt surrealistisk at vi endeleg får vere med å sette opp musikal, seier Ørjan Rygg frå Hyen som spelar Danny Zuko, ein av hovudrollane i musikalen.

I musikalen Grease møter vi Danny og hans gjeng T-Birds, og i møte med Sandy og hennar venniner i Pink Lady blir det både intrigar og drama.

– Grease handlar om ein gjeng ungdomar som går på High School i USA på 1950-talet. Danny og Sandy møtast sommaren før deira avgangsår, og dei er mykje ilag den sommaren. Då Danny kjem tilbake på skulen og finn ut at Sandy har byrja på same skule som han, vert ryktet og det "tøffe" imaget hans satt på prøve, fortel Ørjan om karakteren han spelar i musikalen.

Kreativ og skapande prosess

– Eg likar best samansettinga av song, dans og skodespel. Eg elskar å være i ei rolle og det er ein super måte å få utløp for kreativiteten min på, seier Hilde som har flytta frå Gulen for å gå på Firda vgs.

– Eg valde Firda vgs fordi eg hadde høyrt at det var veldig godt skulemiljø der, og det stemte, seier ho.

Elevane på vg3 musikk, dans, drama byrja å jobbe med musikalen tidleg i haust, og har halde på fram mot vinteren. Dei siste vekene har dei intensivert arbeidet fram mot premieren fredag.

– Det har vore veldig artig å få moglegheit til å jobbe på tvers av linjene, seier Ørjan. -Vi ser ting vi gjerne ikkje hadde lagt merke til om vi ikkje hadde jobba i lag. Til dømes lærer vi på musikk mykje av teater og skodespel ved å sjå og spele saman med dramaelevane. I tillegg lærer vi mykje om kva som skjer bak produksjonen og vegen til det ferdige produktet, forklarer Ørjan.

Hilde Børnes spelar Sandy i musikalen Grease som har premiere på Firda vgs kommande helg.  Foto: Helena Heggeli Walseth

I følgje Hilde er det mest utfordrande å hugse replikkar, og å synge og danse samtidig.

Frida Bjørnereim frå Breim går på dramalinja og spelar Rizzo, ei av dei tøffe jentene i Pink Lady.

– Rizzo er kanskje av dei mest komplekse karakterane i musikalen. Ho er hard på utsida, frekk, slem og kald, og veldig oppteken av å halde på fasaden sin. Likevel er ho reflektert og følsom, seier Frida.

Temaene som musikalen tar opp er fortsatt aktuelle, og mange kan nok kjenne seg igjen i ting som gruppepress og søking etter identitet i ungdomstida.

– Grease handlar om å vekse opp, om å vere forelska, om å vere ung og oppteken av korleis andre ser deg, forklarar Frida.

Det ho liker best med å jobbe med musikal er å sjå klassekameratane utfolde seg på nye arenaer og å samarbeide.

– Det er kjekt å skape noko saman. Det knyter oss elevane saman på ein heilt spesiell måte, og det er ei kjempegod og ikkje minst kjekk erfaring å ha med seg, seier Frida.

Dei fleste kjenner nok Grease best frå filmversjonen frå 1978 med Olivia Newton-John og John Travolta i hovudrollene. Musikalen som Firda vgs set opp byggjer på sceneversjonen, skrive av Jim Jakobs og Warren Casey, omsett til norsk av Tom Sterri.

Kvifor skal folk komme og sjå musikalen?

– Det blir mykje drama, latter, musikk, flinke folk og mykje god stemning, seier musikk, dans og dramaelevane som gleder seg til premieren til helga.

Grease vert vist i Trivselshagen fredag og laurdag, i tillegg til to skulevisningar på dagtid.