Elevane blomstra på sjølvkomponert kabaret

Avgangselevane på Selje skule serverte eit fantastisk show til familie og bygdefolk under årets kabaret «Daude blomar» i Selje samfunnshus.
Kultur

Kjente og kjære skikkelsar frå populærkulturen vart etterlikna frå scenekanten. I tillegg var kabareten spekka av underhaldande danseinnslag og songnummer. Alt ispedd ein god dose glimt i auget til stor latter og applaus frå ein stappfull sal i samfunnshuset.